What We Need to Know: The Curriculum, Teaching, and the Learner

Gunvor Sønnesyn

International Association for Cognitive Education and Psychology(http://www.coged.org  )  har medlemmer frå alle verdsdelar. INAP har vore aktiv i denne organisasjonen frå Nyborg si tid. Begrepsundervisningmodellen og læringspsykologien har vore presentert på ei rekkje av dei internasjonale konferansane som vert arrangert annakvart år.

I 2007 vart den 11. internasjonale konferansen arrangert i Knoxville, Tennessee, USA http://www.coged.org/conferences/XI/) med hovedtema: What We Need to Know: The Curriculum, Teaching, and the Learner.  Konferansen baud på interessante plenumsførelesingar, ei rekkje paper-sesjonar, mini-workshops og spennande møte med medlemmer frå ulike kantar av verda.
Dette året deltok Morten Hem og Gunvor Sønnesyn med paper-presentasjonar, mini-workshop med tema begrepsundervisning. Posteren vår stod framme og gav høve til samtalar på konferansetorget under heile konferansen.

Det vart knytt kontaktar med fagfolk frå ulike verdshjørne, og Pedverket Kompetanse, som startar opp PP-klinisk studieenhet 6. august har allereie 9.-10. august fått ein av dei, professor Carol Lidz frå USA som førelesar i Dynamic Assessment/ Dynamisk testing.

IACEP er ein organisasjon som ynskjer å knyte saman forsking og praksis. Verkar dette interessant? Bli medlem! Neste internasjonale konferanse er i 2009 i Osnabrück, Tyskland. Du finn informasjon om organisasjonen på nettsida  http://www.coged.org . Du kan og ta kontakt med Morten Hem (mahem@c2i.net) som er visepresident for Europa dei neste to åra.